|
|
|
|
|
Siste sjanse for Senterkafeen Av Aadne Gloppestad, 03.02.10 Gloppen: – Vi oppmodar folk om å ta kontakt med oss, så skal vi strekkje oss langt for å leggje tilhøva til rette slik at Senterkafeen skal bli drivverdig, seier dagleg leiar i selskapet Langebruvegen 19, Ole Jonny Øen.
– Dårleg respons – Vi har annonsert nokre gongar, men responsen på Sandane har vore dårleg. Vi har sagt at vi er villige til å legge alt til rette for at drifta skal bli god. Mellom anna slepp dei som overtek å gjere nyinvesteringar, dei vil kome til ein komplett kafé, seier Ole Jonny Øen. Om det framleis skulle syne seg å verte vanskeleg å få nokon til å overta kafeen, er Øen ikkje framand for at Langebruvegen 19 kan eige driftsselskapet, men då må dei tilsetje ein drivar. – Vi kan vere med som eigar i starten, så kan dei som driv kafeen gå inn som eigarar etter kvart dersom dei ser det går bra. Vi er ikkje ute etter å tene pengar på kafédrifta slik situasjonen er no. No er det om å gjere å få i gang drifta att. Om så ikkje skjer, kan vi bli nøydde til å byggje om lokala. Dei kan ikkje stå ubrukte så mykje lenger, seier den daglege leiaren. Les heile saka i papirutgåva onsdag.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||