|
|
|
|
|
Sjef for tidenes beste junior-VM Av Jan Nik. Hansen, 03.02.10 Sport: – Det er tangering av tidenes beste medaljefangst, seier Roar Hjelmeset. Han meiner prestasjonane går i bøljedalar og vil ikkje ta all ære for medaljefangsten.
– Eg er veldig, veldig godt nøgd, men dette går litt i bølgjedalar. Det er gode og litt mindre gode årgangar. 1990 var veldig god, seier Roar som eigentleg ikkje vil ta særleg mykje av æra. – Den viktigaste oppgåva mi er å prøve å halde igjen slik at løparane ikkje trenar for mykje. Mange er svært ivrige, særleg på jentesida. Det handlar om å bruke sunn fornuft og finne rett mengde, seier Roar. Det gjeld i særleg grad for jentene. – Dei er meir pliktoppfyllande. Er det ein dag dei ikkje kjenner seg heilt i slag, skal dei ut for å trene meir, seier han. Derfor gjeld det å ha god kontakt med utøvarane og finne fornuftige opplegg. – Der må du ha treft godt? – Ja, eg hadde ikkje trudd det skulle gå så bra. Vi kom godt i gang med fire av seks medaljar første dagen og hadde eit godt støtteapparat, forklarer han. Les heile saka i papirutgåva onsdag.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||