|
|
|
|
|
Staten dekkjer halvparten av utgiftene Av Jan Nik. Hansen, 03.02.10 Gloppen: Utbrotet av svineinfluensa under Nordisk 4H-leir på Breim kosta Gloppen 359.000 kroner. No vil kommunal- og regionaldepartementet ta halvparten av rekninga.
Kostbart Etter kommunehelselova er det kommunane som har ansvaret for helsetilbodet til alle som til eikvar tid oppheld seg i ein kommune. For helsetenesta i Gloppen vart det derfor svært hektiske dagar. Det vart oppretta isolat for smitta personar med alt som høyrde med, transport til og frå, vakthald og tilsyn m.m. Storparten av kostnadene var knytt til dette. Kommunen oppretta eit eige prosjektrekneskap på utbrotet, og dei samla utgiftene kom til slutt opp i 359.000 kroner. Den rekninga meinte Gloppen at staten burde ta. Men det vil ikkje staten. – Helsedepartementet meinte vi burde ta heile rekninga sjølv, medan Kommunal- og regionaldepartementet signaliserte at staten burde gripe inn. Slik sett har dei gjort det dei lova, seier rådmann Marit Elisabet Larssen. Ho er likevel skuffa. « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||