Til hovedsiden
  DI LOKALAVIS FOR GLOPPEN OG JØLSTER,  onsdag 08. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FRAMSIDA

   NYHENDE


Gloppen
Jølster
Sport
Kultur
Dagens Leiar
Andre nyhende
Finn nyhende:

   AKTUELT
Ledige stillingar
Bildeglimt
 
   MARKNADSPLASSEN
Ledige stillingar
Marknadsplassen
Rubrikkar
Send inn annonse

   FIRDA TIDEND
Annonsefrist
Annonseprisar
Fakta om avisa
Kontakt oss
Opningstider
Redaktøransvar
Tilsette
 
Teikn abonnement!

   ANNA
Lenker
Tips oss
 
   MEININGSMÅLING
Er det tull å bruke tid og ressursar på ei ny utgreiing av traseen for E39 mellom Skei og Ålesund?
Ja
Nei
Bryr meg ikkje
Svar til no: 215
Bryr meg ikkje: 1.86%
Ja: 42.79%
Nei: 55.35%

Stilling ledig

Bruktbil

Utvikla av
InBusiness AS

Skipar til konsert for Haiti
Av Inger Haldis Aske Lothe,  03.02.10

Andre nyhende: Saman med Anne Lene Lillegraven og Børre Tystad har Steinar Engelbrektson teke initiativ til ein dugnadskonsert til inntekt for Prosjekt Haiti. – Vi håpar på full sal her i Trivselshagen søndag 7. februar, seier dei tre.

Kultursalen i Trivselshagen blir arena for ein storstila dugnad for Prosjekt Haiti, og Steinar Engelbrektson, Anne Lene Lillegraven og Børre Tystad håpar at mange vil kome på konsert.
Steinar Engelbrektson har lagt merke til innsatsen Anne Lene Lillegraven og Børre Tystad har lagt ned for å hjelpe innbyggjarane i Port-au-Prince på Haiti. Få dagar etter at sambuarparet hadde vore i landet, vart hovudstaden råka av eit jordskjelv som medføre utfattelege øydeleggingar.
– Det kjem veldig nært når personar ein kjenner nyleg har vore i området og set i gang ein innsamlingsaksjon for å hjelpe. Eg tok kontakt med Børre for å høyre om han ville vere med å skipe til ein konsert til inntekt for Prosjekt Haiti. Vi veit at alle innsamla midlar vil gå direkte til dei som treng det. Sjølv har eg oppmoda folk om å støtte nettopp dette prosjektet. No håpar eg folk har lyst til å kome på konsert, seier Engelbrektson.
Han trur mange har lyst til å engasjere seg for å hjelpe innbyggjarane på Haiti.
– I dette tilfellet er det enkelt. Det er berre å kjøpe billett og stille opp den 7. februar, smiler han, som tek med seg bandet sitt til Trivselshagen denne kvelden.
Elles er det Børre Tystad som har tatt ansvar for å kontakte dei medverkande. Han lovar ein konsert med stor spennvidde og variasjon.
– Dette har vore ei lett sak å jobbe med. Alle eg har spurt som har hatt høve til å stille, blir med. Det tykkjer eg er svært kjekt. Magnhild Husevåg som dirigerer Sandane Soul Children tok sjølv kontakt og sa at koret kunne stille opp om vi laga ein dugnadskonsert, så dei blir med. Folkemusikar Sigrid Moldestad skulle vere kjend for dei fleste. Ho blir med. Det same blir 3. klasse dans på Firda vidaregåande skule. Marimba Ladies, som består av Jakob Hjelmeset og Torgrim Halse, har sagt ja til å vere med. Oddvar Torsheim, som blir akkompagnert av Birger Meland, har òg gjeve positiv tilbakemelding om at han stiller opp, fortel Tystad.
Lektor på Firda, Ove Eide, stiller på som konferansier.

Les heile saka i papirutgåva måndag.


Tips ein venn om denne saka
Til:    Fra:   

« Tilbake