Til hovedsiden
  DI LOKALAVIS FOR GLOPPEN OG JØLSTER,  fredag 03. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FRAMSIDA

   NYHENDE


Gloppen
Jølster
Sport
Kultur
Dagens Leiar
Andre nyhende
Finn nyhende:

   AKTUELT
Ledige stillingar
Bildeglimt
 
   MARKNADSPLASSEN
Ledige stillingar
Marknadsplassen
Rubrikkar
Send inn annonse

   FIRDA TIDEND
Annonsefrist
Annonseprisar
Fakta om avisa
Kontakt oss
Opningstider
Redaktøransvar
Tilsette
 
Teikn abonnement!

   ANNA
Lenker
Tips oss
 
   MEININGSMÅLING
Er det tull å bruke tid og ressursar på ei ny utgreiing av traseen for E39 mellom Skei og Ålesund?
Ja
Nei
Bryr meg ikkje
Svar til no: 52
Ja: 36.54%
Nei: 63.46%

Stilling ledig

Bruktbil

Utvikla av
InBusiness AS

Hyar berga tysk trailersjåfør

Av Magnar Heimset
,  14.12.09


Trafikk: Det var svært dramatisk då Øystein Aa (29) frå Hyen fekk berga opp ein tysk trailersjåfør frå isvatnet i Nipetjørna i Romarheimsdalen i går kveld. Traileren hadde skrensa utfor vegen og gått gjennom isen på tjørna.

20-åringen Øystein Aa frå Hyen var førstemann på ulukkesstaden då ein tysk trailersjåfør køyrde i vatnet i Romarheimsdalen i går kveld. Han greidde å berge sjåføren opp frå isvatnet i Nipetjørna. (Privatfoto)
Øystein var på veg frå Hyen til Bergen i går kveld. Like etter Matretunellen runda han ein knapp sving. Der såg han tydelege skrensespor i vegen og at autovernet var brote ned eit stykke. Han bremsa opp så fort han kunne, rygga tilbake og hoppa ut av bilen. Då høyrde han rop frå vatnet like nedanfor vegen.
Kritisk
- Eg sette på naudblinken og sprang ned til vatnet. Frå då gjekk alt på instinkt. Det var mørkt, men billysa stod på under vatn, og eg såg at sjåføren hadde kome seg opp på bilvraket og til overflata, men eg nådde han ikkje. Eg fekk skubba vekk nokre isflak og fekk han til å hoppe mot meg. Då gjekk han under fleire gonger, og eg såg at han ikkje greidde å symje. Eg hoppa ut i og vassa ut i til marbakken. Ståande til livet i isvatnet nådde eg såvidt handa hans og fekk drege han til lands, forklarar Øystein.
God hjelp
- Då var det kome til ein lastebil på vegen som lyste for oss. Sjåføren kasta ned ein lastestropp, og vi fekk drege tyskaren opp på vegen. Det kom vel med hjelp, for det var veldig glatt i vegskråningen. Eg heldt på å bli frykteleg stiv og kald sjøv og trong hjelp for å kome meg opp. Vi fekk mannen inn i ein buss og tok av han dei våte kleda. I bussen var det varmt og godt og rikeleg med teppe til å ha rundt han. Ei dame ringde ambulanse og politi. Eg var glad andre kunne ta over så eg fekk byte kle. Det var ei sterk oppleving, og eg vart temmeleg skjelven etterpå, innrømmer den modige redningsmannen.

Meir i papirutgåva onsdag


Tips ein venn om denne saka
Til:    Fra:   

« Tilbake