|
Roger blant topp 10 igjen
Av Magnar Heimset, 29.11.09
Sport: Endeleg er Roger Aa Djupvik attende der han bør vere; mellom dei beste i verdscupsirkuset. På 15km klassisk i Kuusamo søndag vart han nr. 10 og gjekk sisterunden mest like fort som vinnaren, Petter Northug.
|
|
Endeleg er Roger Aa Djupvik attende i verdstoppen. (Arkivfoto)
|
For nokså nær tre år sidan fekk hyaren sitt internasjonale gjennombrot på nettopp 15km klassisk i verdscupen i Cogne. Sidan har han vore mykje plaga med sjukdom og uhell, og sist vår vart han vraka frå landslaget. Mykje tyder no på at han er attende i toppskiktet, noko som lovar godt i starten på OL-sesongen. Av dei norsk hadde han berre Petter Northug (1), Martin Johnsrud Sundby (5) og Jens Arne Svartedal (8) føre seg på resultatlista. Bak seg hadde han sterke namn som Eldar Rønning (13) og klubbkamerat Odd-Bjørn Hjelmeset (15). Hjelmeseten hadde nok sikta seg inn på ein pallplass, men kolliderte med ein utanladsk skismørjar tidleg i løpet og tapte mykje tid og rytme. Likevel er det historisk at Roger står føre Odd-Bjørn på resultatlista etter ein klassisk distanse i eit viktig renn.
« Tilbake
|
|
|