|
|
|
|
|
Disputerer for doktorgraden Av Inger Haldis Aske Lothe, 20.11.09 Andre nyhende: Glopparen Bjørn Henning Østenstad disputerer komande laurdag for doktorgraden ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen. Tema for den juridiske doktoravhandlinga er bruk av tvang mot utviklingshemma og demente.
Psykisk utviklingshemming og aldersdemens er svært ulike tilstandar. Eit fellestrekk er likevel svekt forstandsmessig fungering som kan gjere det vanskeleg for dei det gjeld å forstå konsekvensane av eigne val og handlingar. Dette reiser i sin tur spørsmål om heimel for å yte nødvendig hjelp i form av medisinsk behandling eller pleie og omsorg, under tvang. Problemstillingar oppstår også der personen unnlet å protestere, men heller ikkje evnar å gje eit gyldig samtykke. Spørsmål om bruk av tvang overfor dei nemnde gruppene har vist seg til dels svært kontroversielt. Eit trekk ved den rettslege diskusjonen – og domspraksis, både nasjonalt og internasjonalt, har vore stor grad av utryggleik knytt til korleis problemstillingane bør handterast. Grovt sagt er spørsmålet om størst vekt skal leggjast på omsynet til den hjelpetrengande sin sjølvbestemmingsrett, eller på omsynet til å verne mot skade – paternalistisk velferdstenking. Les heile saka i papirutgåva fredag.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||