|
|
|
|
|
Svingande rytmar og hæla i taket i Frislidlada Av Aadne Gloppestad, 26.06.09 Andre nyhende: Stemninga nådde nesten i taket då Roseklubben inviterte funksjonshemma frå heile Nordfjord samt Jølster til Sommarfest i Jølet måndag.
– Dette er kjekt. Eg likar å danse, og så er det ei fin dame her, seier Martin Føleide, og vurderer om han skal ta mot til seg og by opp dama han har sett seg ut. – Det er no fleire damer her som er fine. I alle fall tre-fire stykke, skyt Steinar Lothe inn. Dei to karane har sett seg ned på ein benk, strategisk plassert litt tilbaketrekt i lokalet. Der legg dei slagplanen for resten av kvelden, men det er ikkje berre berre å skulle by opp ei dame til dans. – Eg trur eg ventar med å danse til ein annan gong. Det er greiare at damene byr opp, for då veit ein kven som dansar og ikkje, seier Steinar, tek eit kjapt blikk over forsamlinga og konkluderer med at han ikkje har funne den rette endå. Les heile saka i papirutgåva fredag.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||