|
|
|
|
|
Steinar fekk Oppmuntringsprisen Av Aadne Gloppestad, 08.06.09 Gloppen: – Det er veldig kjekt for oss i Rosebandet å ha med ein kjendis til å styre det, seier Ronald Sande. Kjendisen Ronald snakkar om er Steinar Engelbrektson. Sist veke fekk musikaren Oppmuntringsprisen til Lions Club Sandane for det arbeidet han har gjort med Rosebandet i 18 år.
– Steinar får prisen for arbeidet han har lagt ned for Rosebandet på Sandane gjennom 18 år. Innsatsen til Steinar har gjort livet rikare for alle i bandet og mange rundt dei, ikkje berre foreldra. Om det ikkje var for han, hadde ikkje Rosebandet eksistert. Bandet vart starta så tidleg som i 1991, og er såleis 18 år. Steinar Engelbrektson har vore primus motor heile tida. Kanskje er det det viktigaste at han har lært og lærer bandmedlemene at dei kan meistre store oppgåver og at dei rekk til, sa Arvid Rygg i Lions Club Sandane i samband med prisoverrekkinga i Arbeidskyrkja torsdag kveld. Les heile saka i papirutgåva måndag.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||