|
|
|
|
|
Over milliarden for gul midtstripe Av Magnar Heimset, 17.04.09 Veg: Førebels plan for opprusting av RV 615 Sandane – Storebru viser at kostnadane kan kome godt over ein milliard kroner. – Prioriter dei viktigaste strekningane og planlegg dei skikkeleg, var bodskapen frå politikarane på vegkonferansen i Hyen tysdag.
Det er Arbeidsgruppe RV 615 i samarbeid med Gloppen kommune som har fått utarbeidd eit førebels utkast til plan for opprusting av den til dels svært elendige vegstrekninga mellom RV 5 ved Storebru og E 39 ved Sandane. Eit spleiselag av kommunen, lokale næringsdrivande og private har skaffa 110.000 kroner til dette føremålet, og resultatet fekk mykje vellæte av dei frammøtte politikarane på vegkonferansen. – De har gjort eit imponerande arbeid så langt. Men å kjempe for betre vegar er tolmodsarbeid, det har mange før dykk fått erfare, og det gjeld berre å stå på vidare. Prioriter det viktigaste først, de får ikkje alt på ein gong uansett, og dette kan ta tid, var gjennomgangstonen frå politikarar og byråkratar i møtet. Les heile saka i papirutgåva måndag.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||