Til hovedsiden
  DI LOKALAVIS FOR GLOPPEN OG JØLSTER,  fredag 03. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FRAMSIDA

   NYHENDE


Gloppen
Jølster
Sport
Kultur
Dagens Leiar
Andre nyhende
Finn nyhende:

   AKTUELT
Ledige stillingar
Bildeglimt
 
   MARKNADSPLASSEN
Ledige stillingar
Marknadsplassen
Rubrikkar
Send inn annonse

   FIRDA TIDEND
Annonsefrist
Annonseprisar
Fakta om avisa
Kontakt oss
Opningstider
Redaktøransvar
Tilsette
 
Teikn abonnement!

   ANNA
Lenker
Tips oss
 
   MEININGSMÅLING
Er det tull å bruke tid og ressursar på ei ny utgreiing av traseen for E39 mellom Skei og Ålesund?
Ja
Nei
Bryr meg ikkje
Svar til no: 52
Ja: 36.54%
Nei: 63.46%

Stilling ledig

Bruktbil

Utvikla av
InBusiness AS

Fekk pris for ekstra god design
Av Magnar Heimset,  12.03.09

Fekk designpris: Onsdag vart Audhild Viken saman med designbyrået Haltenbanken tildelt den høgthengande prisen ”Merket for god design” av Norsk Designråd.

Fire stolte vinnarar etter prisutdelinga på DogA i Oslo onsdag ettermiddag. Frå v.: Audun Viken, Truls Indrearne og Elise Sæle frå Haltenbanken og Harald Viken. Foto: Design Region Bergen
Kvart år deler Norsk Designråd ut designpris for visuell kommunikasjon til bedrifter og designarar som vellukka har brukt design til å utvikle innovative produkt eller løysingar. Mottakarane av Merket for god design vart offentleggjort på Designdagen onsdag 11. mars i Oslo, Noregs største designfaglege arrangement for næringsliv og designbransjen. Audhild Viken mottok den høgthengande designprisen på bakgrunn av utviklinga av bedrifta sin nye grafiske profil.
   Audhild Viken starta som ei vevstove med sal av åkle og løparar frå Skei i Jølster i 1950. I dag driv den familieeigde bedrifta fleire suvenirbutikkar rundt om i landet. Der sel dei både eigenproduserte suvenirar og produkt frå andre leverandørar. Suvenirverda er tradisjonelt ei verd der krimskrams, eit hav av produkt og rimelege reproduksjonar rår. Design blir gjerne oppfatta som eit framandord. Audhild Viken ville løfte framtoninga på heile suvenirsegmentet. Dei ville i tillegg til å drive suvenirbutikkar, vere ambassadørar for Noreg og norsk kultur. Dei ville ta med seg historia og røtene sine inn i ei ny tid. Tida var komen for eit nytt visuelt uttrykk.

Les meir i papirutgåva fredag.



Tips ein venn om denne saka
Til:    Fra:   

« Tilbake