|
|
|
|
|
– Målet er å bli nominert på nytt Av Aadne Gloppestad, 26.01.09 Spellemannsprisen: Steinar Engelbrektson Band var nominert til Spellemannsprisen 2008 i kategorien Danseorkester, men då prisen vart utdelt direkte på norsk fjernsyn laurdag kveld, måtte Steinar Engelbrektson og dei andre bandmedlemene innsjå at det ikkje vart nokon pris på dei.
– Eg er ikkje skuffa, derimot skikkeleg inspirert til å arbeide vidare med musikken. Vi har oppretta mange kontaktar innan musikkbransjen i løpet av denne helga, og til hausten kjem vi med ny plate. Vi har planlagt å sleppe plata 14. september. 8-10 låtar er allereie klare, fortel Steinar Engelbrektson. Engelbrektson tykte det var kjekt at det var gruppa Ingemars med plata ”I Finnskogens rike” som gjekk heilt til topps under prisutdelinga laurdag. Les meir i papirutgåva måndag.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||