|
|
|
|
|
Roger sikra seg leiartrøya i Skandinavisk cup Bjørn Grov, 16.12.07 Langrenn: Roger Aa Djupvik gjekk i dag inn til 6. plass på 15 km fri Skandinavisk cup i Finland. Og han har sikra seg leiartrøya som gjev friplass til verdscupen.
Laurdag fekk han 13. beste tid i prologen på sprinten som gjekk i fristil. Men i kvartfinalen gjekk det på trynet for Roger. - Irriterande, for eg var i godt slag,seier Aa Djupvik, som også er nøgd med innsatsen på 15 km fri i dag. - Ikkje eit heilt toppløp, men likevel bra, seier Roger, som kjenner at den gode forma er tilbake. - Eg hadde som mål å overta leiartrøya i Skandinavisk cup før helga. Det greidde eg, seier ein godt nøgd Roger Aa Djupvik. Les meir i papiravisa måndag
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||