Til hovedsiden
  DI LOKALAVIS FOR GLOPPEN OG JØLSTER,  fredag 03. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FRAMSIDA

   NYHENDE


Gloppen
Jølster
Sport
Kultur
Dagens Leiar
Andre nyhende
Finn nyhende:

   AKTUELT
Ledige stillingar
Bildeglimt
 
   MARKNADSPLASSEN
Ledige stillingar
Marknadsplassen
Rubrikkar
Send inn annonse

   FIRDA TIDEND
Annonsefrist
Annonseprisar
Fakta om avisa
Kontakt oss
Opningstider
Redaktøransvar
Tilsette
 
Teikn abonnement!

   ANNA
Lenker
Tips oss
 
   MEININGSMÅLING
Er det tull å bruke tid og ressursar på ei ny utgreiing av traseen for E39 mellom Skei og Ålesund?
Ja
Nei
Bryr meg ikkje
Svar til no: 52
Ja: 36.54%
Nei: 63.46%

Stilling ledig

Bruktbil

Utvikla av
InBusiness AS

Gjev lokalhistorie til skulane

Av Inger H. Aske Lothe
,  11.05.07


Gloppen: Dei meiner det er viktig at lokalhistoria er lett tilgjengeleg for skuleborn og lærarar. Difor gjev redaksjonane i ”Årbok for Nordfjord” og ”Jul i Nordfjord” ei storstila gåve til grunnskulane i regionen. Kvar av skulane får dei 20 siste årgangane av dei to skrifta.

Aslaug Nesje Bjørlo og Arvid Rygg gjev ei lokalhistorisk gåve til grunnskulane i Nordfjord.
Arvid Rygg er leiar i skriftstyret for ”Årbok for Nordfjord”, medan Aslaug Nesje Bjørlo er leiar i redaksjonsnemnda i ”Jul i Nordfjord”. Begge har lang fartstid i redaksjonane.

– Viktige kjelder
– Vi har bestemt oss for å dele ut dei 20 siste årgangane av utgåvene til både ”Årbok for Nordfjord” og ”Jul i Nordfjord”, i tillegg til eit register for årboka som gjeld for perioden 1951 til 2000. Vi meiner både årboka og juleheftet er viktige kjelder for Nordfjord-historia, seier Aslaug Nesje Bjørlo og Arvid Rygg.
”Årbok for Nordfjord” vart fyrste gong gjeve ut i 1951.
– I ein periode kom boka ut annakvart år. No blir ho gjeve ut årleg. Til hausten kjem bok nummer 41 i rekkja. Ei ny registerbok reknar vi med blir laga i 2010, fortel Rygg.

I papirutgåva kan du også lese meir om:
- Gloppen skal investere 111 millionar
- Kommunestyret utsette fusjonssaka
- Suksess for sprintcupen



Tips ein venn om denne saka
Til:    Fra:   
« Tilbake