Til hovedsiden
  DI LOKALAVIS FOR GLOPPEN OG JØLSTER,  fredag 03. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FRAMSIDA

   NYHENDE


Gloppen
Jølster
Sport
Kultur
Dagens Leiar
Andre nyhende
Finn nyhende:

   AKTUELT
Ledige stillingar
Bildeglimt
 
   MARKNADSPLASSEN
Ledige stillingar
Marknadsplassen
Rubrikkar
Send inn annonse

   FIRDA TIDEND
Annonsefrist
Annonseprisar
Fakta om avisa
Kontakt oss
Opningstider
Redaktøransvar
Tilsette
 
Teikn abonnement!

   ANNA
Lenker
Tips oss
 
   MEININGSMÅLING
Er det tull å bruke tid og ressursar på ei ny utgreiing av traseen for E39 mellom Skei og Ålesund?
Ja
Nei
Bryr meg ikkje
Svar til no: 52
Ja: 36.54%
Nei: 63.46%

Stilling ledig

Bruktbil

Utvikla av
InBusiness AS

Kulturprisen til Hyen

Av Oddleif Løset
,  18.12.06


Gloppen: Hilde-Gunn og Ola Tormod Ommedal fekk måndag kulturprisen 2006 i Gloppen. Prisen vart delt ut før kommunestyret.

Ekteparet Hilde-Gunn og Ola Tormod Ommedal fekk måndag kulturprisen i Gloppen.
Hilde-Gunn og Ola Tormod fekk prisen for mangfaldig kulturarbeid i Hyen. Leiar i teknisk, landbruk og kulturutvalet, Aud Kari Solheim, poengterte at ekteparet har skapt stor trivsel i bygda dei bur i.
- Dei har kvar for seg, og i lag, tilført Hyen verdiar som lever og utvikliar seg, og som ungdomen vår tar med seg ut i verda, sa Solheim.

Hilde-Gunn har mellom anna vore ein ivrig forkjempar for kulturbåten INnvik og vert tilskriven æra for at Hyen vart stoppestad for båten. Ho har site i styret både for kulturbåten og for Sogn og Fjordane teater, og sit no i redaksjonsnemnda for Årbok for Nordfjord og i styret for kyrkjeakademieet i Nordfjord. Hilde-Gunn har ivra for å ta vare på - og få vist fram - det særeigne tunet i Osmundsneset og har på ein levande og ekte måte jobba for å gjere kjend kunstnaren Bent Tunold og diktaren Knut Gjengedal.

Ola Tormod er spelemann, og har vore musikalsk leiar av Hyen spelemannslag sidan laget vart skipa. Han skal også ha mykje av æra for skipinga og drifta av skulekorpset i Hyen. Ola Tormod var initiativtakar til friluftshelga i Hyen og har i mange år vore sentral i avviklinga av dette arrangementet.

Les meir i papirutgåva onsdag.


Tips ein venn om denne saka
Til:    Fra:   

« Tilbake