Til hovedsiden
  DI LOKALAVIS FOR GLOPPEN OG JØLSTER,  fredag 03. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FRAMSIDA

   NYHENDE


Gloppen
Jølster
Sport
Kultur
Dagens Leiar
Andre nyhende
Finn nyhende:

   AKTUELT
Ledige stillingar
Bildeglimt
 
   MARKNADSPLASSEN
Ledige stillingar
Marknadsplassen
Rubrikkar
Send inn annonse

   FIRDA TIDEND
Annonsefrist
Annonseprisar
Fakta om avisa
Kontakt oss
Opningstider
Redaktøransvar
Tilsette
 
Teikn abonnement!

   ANNA
Lenker
Tips oss
 
   MEININGSMÅLING
Er det tull å bruke tid og ressursar på ei ny utgreiing av traseen for E39 mellom Skei og Ålesund?
Ja
Nei
Bryr meg ikkje
Svar til no: 52
Ja: 36.54%
Nei: 63.46%

Stilling ledig

Bruktbil

Utvikla av
InBusiness AS

Glimrande av glopparane på Beito
Bjørn Grov,  12.11.06

Langrenn:Odd-Bjørn Hjelmeset stadfesta sin posisjon i norgeseliten med sin 2. plass i sesongopninga i 15 km klassisk på Beitostølen i dag. For hyaren Roger Aa Djupvik vart helga det definitive gjennombrotet med to sterke plasseringar.

Odd-Bjørn Hjelmeset starta sesongen med ein sterk 2. plass på Beito i dag.
Det vart med andre ord ei strålande opning for dei to glopparane på Beito. Roger Aa Djupvik har hatt glimrande testløp i år, og viste laurdag at han har teke steget heilt opp. Då vart det ein sterk 12. plass på 10 km fri, eit løp som vart suverent vunne av skiskyttaren Ole Einar Bjørndalen.
I dag på klassisk gjorde Roger sine saker enda sterkare. Her vart det til slutt 8. plass, etter å ha lege som nr 10. både ved 5 og 10 km, slo han til med ei sterk avslutning. Han var knappe 40 sekund bak den suverene vinnaren Jens Arne Svartedal, men under 20 sekund bak klubbkamerat Odd-Bjørn Hjelmeset, som også avslutta råsterkt og tok 2. plassen. Etter litt småsjukdom, som gjorde at han sto over sprinten fredag, var Hjelmeset litt usikker før start. Men han gjennomførte eit solid løp, rett nok litt "up and downs" undervegs, og 2.plassen var han svært godt nøgd med etter løpet.
Les meir i papiravisa måndag


Tips ein venn om denne saka
Til:    Fra:   

« Tilbake