Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Nye gjødselreglar får konsekvensar for bøndene

Illustrasjonsfoto: Kjell Herskedal/NTB scanpix/NPK.

Nye gjødselreglar får konsekvensar for bøndene

Svært mange norske bønder kan i framtida få problem med å bli kvitt gjødsla frå dyra sine. Grunnen er forslag til nye reglar for kor mykje møkk som kan spreiast utover jordet, fortel NRK.

– Vi må enten ned på dyremengda, eller finne spreiingsareal andre stader. Og det blir det krig om, seier Frank Tunheim, leiar i Klepp Bondelag på Jæren, til NRK.

Det kan i Noreg bli behov for meir enn 62.000 fotballbaner meir i såkalla spreiingsareal for gjødsel. Grunnen er at landbruket skal forureine mindre. Landbruksdirektoratet, Mattilsynet og Miljødirektoratet har nyleg revidert den såkalla gjødselvareforskrifta og foreslår strengare reglar.

Forskrifta bestemmer blant anna kor stort område ein bonde treng for å kvitte seg med ei viss mengde møkk. I dag må bonden ha fire dekar, eller 4.000 kvadratmeter, per mjølkeku. Det kan bli auka med 20 prosent viss det mest moderate forslaget går gjennom, og rammar då over 600 bønder i heile landet.

I det mest radikale forslaget er det derimot snakk om 50 prosents auke. Det betyr at det trengst 134.000 fotballbaner meir til spreiing av gjødsel i Noreg. Over 5.500 bønder i Noreg kjem til å ha for lite areal å spreie gjødsel på.

Allereie i dag har 2.200 føretak, eller bønder, for lite spreiingsareal for gjødsel.

På Jæren får ei innskjerping spesielt store ringverknader. Det er nemleg ikkje nokon anna stad i Noreg med like stor husdyrtettleik.

– Begge forslaga er såpass radikale at det vil få konsekvensar for landbruket, seier Geir Skadberg, landbruksdirektør i Rogaland. (©NPK)