Illustrasjonsfoto.

Nye, friske breibandmidlar i vente

Måndag vart det klart at staten løyver 30 nye millionar til breibandsatsing i Sogn og Fjordane. Pengane vil ifølgje fylkeskommunen utløyse 50 nye millionar frå fylkeskommunen, kommunane, leverandørar og gjennom eigendel frå brukarane.

Mellom dei 25 grendene som i denne omgang får midlar, er Byrkjelo og Hope i Gloppen, og Eikås i Jølster. Løyvingane frå staten gjer at det kan byggast ut breiband for over 80 millionar i 2017 og 2018.

Viktig satsing

– Dette gleder og inspirerer og viser nok ein gong at koordineringsjobben vi gjer gjennom IT-forum og fylkeskommunen gjer ein skilnad, seier leiar i IT-forum Gunnar Hæreid og fylkesdirektør for næring og kultur Jan Heggheim i ein kommentar til dei siste løyvingane. Også Fylkesordførar Jenny Følling likar det ho får høyre.

– Vi har fått god utteljing takka vere eit godt samarbeid i fylket. Det er stort behov for utbygging av breiband, og med 30 millionar vil mange familiar og bedrifter få breiband, seier Følling.

Les meir i papirutgåva onsdag.