Kjell Steinset frå Jølster kunne sist helg putte endå ein norsk rekord på merittlista si

Ny norsk rekord til Kjell Steinset

Jølstringen Kjell Steinset sette sist helg ny norsk rekord på 3000 m under veteran-NM i Friidrett.

— Eg er så imponert over prestasjonane til alle de som er med i dette veteranmeisterskapet. Fredag set en mann på 80 år norsk rekord på 3000 meteren med 14 sekunder, når han kjem i mål på 14.14, seier stemneleiar for årets veteran-NM i friidrett, Nils Gunnar Henriksen. Mannen stemneleiaren snakkar om, er altså Kjell Steinset frå Jølster som fredag knuste rekorden under NM som gjekk av stabelen i Modum i Buskerud.
Steinset har dermed dei norske rekordane på 400 m, 800 m, 1500 m , 3000 m og 5000 m i klasse 80-85 år.[