Ein vårkåt tiur vakta buret under fotballtreninga for 11 og 12-åringane i Hyen fredag kveld. Foto: Eirik Rønnekleiv

Ny ”målvakt” på trening i Hyen

Det blanda fotballaget for 11 og 12-åringar i Hyen har trening kvar fredag kveld. Sist fredag fekk laget ”forsterkning” av ei ny og litt uvanleg målvakt. Ein lettare testosteronforvirra og nærgåande tiur sette seg på kunstgraset og vakta buret midt under treninga.

Ein av deltakarane på treninga, Eirik Rønnekleiv, tok bilete av den litt spesielle ”fotballspelaren”, og vi legg meir enn gjerne ut eit bilete på nettavisa vår. Tiuren spankulerte roleg rundt på bana til stor muntrasjon for ungane og trenarane deira.

At vårkåte tiurar proppa med kjønnshormon vert nærgåande med folk og gjerne oppfører seg aggressivt og rart er slett ikkje uvanleg, men at dei deltek på fotballtrening er vel noko spesielt. Denne tiuren var svært tillitsfull, men inntok ikkje spelpositur, og han var heller ikkje aggressiv mot dei fotballtrenande ungane på Hyen Stadion. Dei sette tvert i mot stor pris på besøket av den spesielle gjestespelaren.

Ein vårkåt tiur vakta buret under fotballtreninga for 11 og 12-åringane i Hyen fredag kveld. Foto: Eirik Rønnekleiv