Ny krinsrekord av Thomas

 Thomas Mardal, Gloppen FIL, sette ny krinsrekord i sleggje i eit collegestemne i USA natt til laurdag norsk tid.

Med eit kast på 71,88 meter forbetra han den personlege rekorden sin med to meter og 58 centimeter. 

Det er berre fire norske herrar som nokon gong har kasta sleggja lenger.

Det er berre å gratulere USA-studenten med nok ein strålande prestasjon.