Johannes Rauboti er tilsett som ny konsernsjef i SFE.

Ny konsernsjef i SFE

Johannes Rauboti er tilsett som ny konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi (SFE). Han kjem frå tilsvarande stilling i kraftkonsernet Vardar, skriv SFE i ei pressemelding.

Tidlegare i år fråtredde Terje Gjengedal stillinga som konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi (SFE). No har selskapet funne sin nye toppleiar i Johannes Rauboti som i dag er administrerande direktør i kraftprodusenten Vardar. Rauboti, som er oppvaksen i Fjærland, gler seg til nye og viktige oppgåver i heimfylket.

– Tida i Vardar har vore både inspirerande og utfordrande, med eit særs godt samarbeid både internt og opp mot styret og eigar, men etter 18 år i Vardar ser eg no fram til nye utfordringar. Eg set stor pris på den tillit styret i SFE har vist meg, og gler meg til å gi mitt bidrag til den vidare utviklinga av selskapet i ei spennande tid for bransjen, seier Johannes Rauboti.

Lang røynsle
Johannes Rauboti har lang erfaring frå både kraftnæring og annan industri. Sidan 1997 har han vore administrerande direktør for Vardar som er ein større kraftprodusent frå Buskerud. Selskapet produserer vasskraft, vindkraft og bioenergi i Noreg, Sverige og dei baltiske landa. Tidlegare arbeidde han i Union, Norske Skog og Hallingdal Kraftlag. Dei seinare åra har han mellom anna vore sentral i oppbygginga av den største produsenten av fornybar energi i Baltikum, i tillegg til etablering og utvikling av vindkraftselskapet Zephyr. Rauboti har både teknisk, økonomisk og pedagogisk utdanning.

Styreleiar i SFE, Per Atle Kjøllesdal, er svært godt nøgd med rekrutteringa av Rauboti til stillinga.

– Med ein kombinasjon av solid erfaring, sterke faglege kvalifikasjonar og god gjennomføringsevne, var Johannes veldig godt kvalifisert for stillinga. Eg er trygg på at han er rett mann å ha bak roret i eit av dei største kraftkonserna på Vestlandet, seier Kjøllesdal.

Rauboti tek til i stillinga som konsernsjef 1. september 2015.