Home   >   Nyhende   >   Ny forskrift mot dårleg emballasje

Ny emballasje skal redusere både matsvinn og bruk av råvarer. Bamas blåbærbegre gjør begge deler, konstaterer Thomas Weihe i Næringslivets Emballasjeoptimeringskomité. (Foto: Per Øyvind Nordberg)

Ny forskrift mot dårleg emballasje

Frå i dag må produsentar og importørar jobbe aktivt for å betre emballasjeløysinga dei brukar. Målet er å redusere avfallsberg og å får eir igjenvinning.

– Dette er ein glad dag for miljøet. Krav om plikt til avfallsførebygging er framsynt og plasserer Noreg langt framme i internasjonal samanheng, seier Thomas Weihe, leiar for Næringslivets Emballasjeoptimeringskomité (NOK) og verdikjedesjef i Dagligvareleverandørenes Forening.

Titusen verksemder over heile landet vert omfatta av den nye avfallsforskrifta frå Klima- og miljødepartementet. Ifølge Statistisk sentralbyrå er det 32 110 bedrifter med over fire tilsette innanfor kategoriane varehandel, industri og jordbruk, skogbruk og fiske.

– Særs mange av desse brukar vareemballasje i ei eller anna form, fortel Weihe.

Skal førebygge avfall
I forskrifta står det at produsentar av emballasje og emballerte varer heretter skal jobbe med avfallsførebygging.

– Ordlyden er ikkje tilfeldig. Mens mange EU-land framleis heng igjen i ei tid der ein berre snakkar om å redusere mengda emballasje, rettar vi i Noreg innsatsen mot avfallsreduksjon. Dette inkluderer også varene som emballasjen skal verne – saman med at emballasjen skal lagast for å kunne igjenvinnast, sier Weihe.

Thomas Weihe forklarer at innsatsen for å utvikle betre og meir optimal emballasje hittil har vore eit punkt i dei frivillege bransjeavtalene næringslivet og myndigheiter har forplikta seg til. Sidan 1998 har NOK samordna næringslivet sitt arbeid med emballasjeoptimering og årleg rapportert resultat til Miljødirektoratet.

– Vi meiner vi saman har utretta mykje på denne fronten. De siste fem åra har trykket på klima knytt til til emballerte produkt som vi har målt gått ned me åtte prosentpoeng. For marknadsleiande produkt har delen emballasje sendt til igjenvinning auka frå 61 til 67 prosent. I tillegg koordinerer vi ei rekke spennende forsking- og innovasjonsprosjekt, fortel han.

Slutt for gratispassasjerane
Sjølv om den nye avfallsforskrifta representerer ei brå omvelting for emballasjenæringa, understrekar Weihe at dei ikkej seglar i ukjent farvatn.

– Saman med eit stort tal norske vareprodusentar har vi arbeidd med innovasjon og optimering av emballasje i nærare 20 år. Den eineste forskjellen framover vert at gratispassasjerane også må vere med på kalaset, seier han.

I ein spørjeundersøking gjennomført av Rock IT for Grønt Punkt Norge blant norske vareprodusentar, oppgir 28 prosent at de er «svært» opptekne av å utvikle og ta i bruk nye emballasjeløysingar som sparer miljø og ressursar. Ytterlegere 57 prosent svarer at dei er «ganske» opptekne av dette, mens ti prosent er ganske lite eller svært lite opptekne av å utvikle og bruke slike emballasjeløysingar.