Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Ny blest rundt Nikolai Astrup

"Seljekallen" Av Nikolai Astrup. Illustrasjonsfoto.

Ny blest rundt Nikolai Astrup

2016 er året då det skal skapast ny blest rundt jølsterkunstnaren Nikolai Astrup. Ei ny utstilling tek arbeida hans ut i verda, og ved KODE-museet i Bergen opnar eit eige Astrup-senter.

Senteret skal gjennom forsking og formidling kaste nytt lys over kunstnarskapet til Nikolai Astrup.

Tove Haugsbø, som i haust avla ei doktorgradsavhandling om kunstnaren, skal leie forskingsarbeidet ved senteret. Etter å ha arbeidd med verka hans i mange år, er måten Astrup framstiller landskapet på noko av det som grip henne mest.

– Det nærværet, og interessa han har for naturen og landskapet, er nesten som ein meditasjon som er utruleg fascinerande, seier ho.

Kunst og natur

Kunstmusea i Bergen KODE har ei stor samling Astrup-verk, langtidsdeponert av Sparebankstiftelsen DNB, og har stilt ut kunsten hans i fleire år. Dette, saman med forskinga Haugsbø har gjort som stipendiat ved museet, har lagt grunnlaget for senteret som no blir oppretta, fortel museumsdirektør Karin Hindsbo.

– Vi håpar senteret blir permanent, men det er i første omgang snakk om eit tiårsperspektiv. Etter tre år skal vi ha ei evaluering, seier Hindsbo.

Sparebankstiftelsen DNB har løyvd ti millionar kroner til føremålet. Ved sida av å drive vidare Astrup-forsking, er nettopp samspelet mellom kunst og natur noko det nye senteret i Bergen ønskjer å framheve, også i prosjekt som gjeld andre kunstnarar.

– Stor vilje

I Astruptunet på Sandalstrand i Jølster, heimen til Nikolai Astrup og familien som no er museum, kjem dei sterke banda mellom natur og kunst tydeleg til uttrykk, fortel Haugsbø. Med dårleg helse og dårleg økonomi, men tilsvarande stor vilje, transformerte kunstnaren den forfalne garden til ein arena for både kunst, gardsliv og familieliv.

– Det var viktig å byggje ein sjølvberga gard, å kunne setje brød på bordet og få mjølk frå fjøsen til familien. Men arbeidet hadde òg ei kunstnarleg side. Astrup eksperimenterte med naturen. Han kryssa og poda plantar, hadde ti sortar rabarbra, raude rips, gule rips og raude rips med gule striper, i tillegg til dei særeigne trea som stod rundt garden, fortel Haugsbø.

– Etter ti år kjendest det komplett. Då byrja han å måle. Astrup la til rette for utsiktspunkt i hagen, visse stader der ein skulle stogge og betrakte frå. Dersom ein set saman bileta han måla frå desse stadene, får ein nesten eit panoramabilete, fortel Haugsbø.

Forma landskapet

For Astrup var ikkje berre ein observatør av naturen rundt seg, han forma gjerne tre eller busker for seinare å bruke dei som motiv. Det kjende motivet «seljekallen» er eit døme på dette.

– Han brukte ein teknikk der ein trekte ut tynne spirer frå trea for å gi som fôr til dyra. Treet får eit uttrykk som er litt trolsk, seier Haugsbø.

– Det var ikkje gjort på ei veke, men tok lang tid. Han følgde naturen sine syklusar. Treet var ikkje ferdig skulpturert før det var gått fleire år.

Reiste ut

Astrup levde og arbeidde i Jølster store delar av livet sitt, og motiva hans ber preg av naturen og omgjevnadene der. Likevel var ikkje Astrup ein isolert jølsterkunstnar slik tidlegare forskarar har hevda, påpeiker Haugsbø.

– Han har blitt fanga i ideen om kunstnargeniet som levde og verka umerkt av det som skjedde i kunstverda. Men Astrup las mykje og var orientert. Han reiste ut i Europa, og oppdaterte seg på det som skjedde i kunstverda. Han ville lære og fornye seg, seier ho.

Kunstnaren var oppteken av moderne teknologi, og var mellom anna ein ivrig fotograf. Han hadde eit snapshotapparat frå Kodak, og skisser tyder på at han også prøvde å byggje sitt eige fotoapparat. Fotografia han tok, kunne han seinare bruke når han skulle lage måleri.

– Han teikna også eit pedalfly, tjuvkopla telefonlinjene i Jølster og han hadde radio. Han hadde interesse for det moderne, seier Haugsbø.

– Skal bli meir kjent

Her heime har Astrup vorte sterkt knytt til det lokale og nasjonale. I utlandet er han ikkje særleg kjend, viser Haugsbø til. Når mange av verka hans no skal ut i verda, er det eit britisk kuratorteam som har sett saman utstillinga.

– Dei tek med seg eit anna blikk når dei ser på kunsten til Astrup, seier Haugsbø.

Dulwich Picture Gallery i London er første stopp. Utstillinga skal også til Kunsthalle Emden i Tyskland og til Henie Onstad Kunstsenter i Bærum.

– Vi skal gjere Astrup betre kjent, vi meiner han har eit kjempepotensial til å ta ein mykje større posisjon i internasjonal kunsthistorie enn han har i dag. Vi håpar lanseringa vil hjelpe på det, seier KODE-direktør Karin Hindsbo.