Noreg i raudt kvitt og blått

Også i dag kunne folk i Gloppen glede seg over ekstra fint pynt i dei fagre sørstrandsfjella. Oppe t.h. over Rausetstøylen prydar eit vakkert norsk flagg fjellsida. Så i dag vart det flagga både nede i bygda og i høgfjellet. Flott innsats av dei unge karane som syter for denne staselege pynten på bygda på sjølvaste nasjonaldagen...

Stor oppslutning
17.mai vart dagen då vêrgudane spela på lag, trass i at temperaturane ikkje var av dei beste. Over alt var det stor oppslutning om nasjonaldagen med lange tog og viftande flagg.
Det var også godt frammøte ved gudstenestene og i Breim og i Gamle Gimmestad kyrkje var det det minnemarkeringar for falne i 2. verdskrig.


IMG_8469

Barnetoget på Rygg
Korpsmusikk ved kyrkja på Reed.
Toget på Sandane