Inger Myklebust er tilbake bak rattet.

– Nokre gongar har ein lukka på si side

– Det har vore eit langt lerret å bleike, men med mykje trening har det gått fint, seier Inger Kristin Myklebust (53).

Ein haustdag for tre år sidan tok livet ei brå og dramatisk vending. Akutt sjukdom gjorde at ho svevde mellom liv og død i fleire døgn, og dei færraste – om nokon – trudde ho skulle kome tilbake til ein normal kvardag. Det har ho gjort – mot alle odds.

Hovudverk
Det er laurdag 13. september 2013. Inger og ektemannen Arve Myklebust har vore på markering av Sogn og Fjordane fylke sitt 250-års jubileum på Fjordhestgarden. Dei skal vidare til omvising på Tine Meieriet Byrkjelo, men på veg til bilen merkar Inger at noko er gale.

I papirutgåva fedag kan du lese kva som skjedde vidare og vegen tilbake.