Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   No skal også Engel fram i lyset

Fleire titals verk av både Nikolai og kona Engel Astrup blir utstilte på Astruptunet denne sommaren. Publikum får sjå tresnitt, tresnittplater og måleri av den verdskjende kunstnaren, samt tekstiltrykk utført av ektemaken.

No skal også Engel fram i lyset

– Vi er på langt nær vise på Engel Astrup sin kunst enno, men vi håpar å bli meir kjende med henne i løpet av sommaren, seier museumsstyrar ved Astruptunet og Eikaasgalleriet, Solveig Berg Lofnes.

I morgon ettermiddag opnar fylkesordførar Jenny Følling utstillinga «Tekstiltrykk og tresnitt – Engel og Nikolai Astrup». Dei fleste veit kva Nikolai Astrup stod for i kunstnarvegen, Engel sine tekstiltrykk er på langt nær like kjende.

– Vegen er blitt til medan vi har gått. Vi har lenge snakka om å gjere noko med Engel sin kunst, men det er blitt utsett fleire gongar. No grip vi sjansen, seier Solveig Berg Lofnes.

Då Nikolai Astrup fekk i oppdrag å kopiere dei gamle, trykte bunadsforklea til Sunnfjordbunaden i 1925, meinte han at dette var eit oppdrag for kona Engel. Kring 1926 reiste ho til Amble gard på Kaupanger for å lære den gamle trykketeknikken. Der kopierte ho treskurd, kisteroser og treklisjear som vart brukt til lintrykk i eldre tider.

Dette vart starten på eit spennande kunstprosjekt for Engel. På same måte som Nikolai eksperimenterte med sine tresnitt, gjorde Engel variasjonar på bunadsforklea sine, både i fargar, form og storleik. Småjentene i grenda Sanddal fekk små forkle. Bunadsforkle, gardiner, borddukar og border vart trykte i hopetal av Engel.

Les meir i papirutgåva fredag.