- I dag startar vi utbetaling av skattepengane, seier Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten. Foto: Arne Lutro/Skatteetaten.

No kjem skattepengane

I dag startar Skatteetaten utbetalinga av skattepengar for inntektsåret 2014 til 85 prosent av alle lønnstakarar og pensjonistar.

− I år er sjølvmeldinga historisk. Heile 3,4 millionar nordmenn fekk sjølvmeldinga elektronisk. Det er desse som no får oppgjeret sitt, seier Marta Johanne Gjengedal, avdelingsdirektør i Skatteetaten.

Tala viser at 54 042 skattytarar i Sogn og Fjordane i snitt får 10 567 kroner igjen på skatten. 10 421 personar må i snitt betale 10 475 kroner i restskatt. I Førde startar no utsendinga av totalt 65,7 millionar kroner til 6 264 skattytarar, i gjennomsnitt 10 485 kroner per skattytar. I heile Skatt vest (Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland) skal det no betalast ut 5,9 milliardar kroner til 518 319 skattytarar. Det er eit snitt på 11 404 kroner per person. I tillegg må 117 374 skattytarar i snitt betale 14 662 kroner i restskatt.

Gjengedal forklarer at Skatteetaten ikkje kan gje deg ein konkret dato for når du får skatteoppgjeret ditt.

− Du vil tidlegast få pengane på konto i dag, men det kan ta inntil to veker etter skatteoppgjersdatoen før pengane faktisk vert utbetalt, seier Gjengedal.

August til oktober

Dato for neste oppgjer er 5. august. Etter det blir det fortlaupande oppgjer fram til 14. oktober.

Dersom du ikkje får oppgjeret ditt i juni, kan det skuldast fleire ting.

− Generelt er det sånn at jo meir komplisert sjølvmelding og jo fleire vedlegg du har, jo lengre tid kan det ta å behandle den. Er du eller ektefellen din næringsdrivande, eller om du leverte sjølvmeldinga på papir, vil du tidlegast få oppgjeret ditt 5. august, seier Gjengedal og legg til at det ikkje er nokon grunn til panikk.

− Pengane kjem, men alle får dei ikkje samtidig. Du får skatteoppgjeret ditt så snart Skatteetaten har behandla ferdig sjølvmeldinga di, avsluttar Marta Johanne Gjengedal.