No kjem årsavgifta. (Foto: Bård Brinchmann Løvvig)

No kjem årsavgifta

PRESSEMELDING: Skatteetaten sender i desse dagar ut krav om årsavgift for 710 478 køyretøy i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Frist for å betale er 20. mars.

I år vert det sendt ut krav for 70 000 fleire køyretøy på landsbasis enn i fjor. Avgifta utgjer om lag 9 milliardar kroner i inntekter til statskassen.

- For at du ikkje skal betale meir enn nødvendig er det viktig å betale kravet for 2017 innan forfallsdato 20. mars, seier pressesjef i Skatteetaten Merete Bergeland Jebsen.

Køyretøyeigarar som ikkje betaler årsavgift innan forfallsdato må betale tilleggsavgift.

Årsavgift for 2017 blir betalt som i fjor til Skatteetaten. I 2018 blir årsavgifta erstatta av ei trafikkforsikringsavgift som skal krevjast inn av forsikringsselskapa.

Sjå fordelinga av dei totalt 3,8 millionar årsavgiftskrava for 2017 på fylkesnivå og kommunenivå.

Satsar 2017 årsavgift
• Bil under 7500 kg: 2 820 kroner

• Bil under 7500 kg, diesel uten fabrikkmontert partikkelfilter: 3 290 kroner

• Motorsykkel: 1 960 kroner

• Elbil, veteranbil, moped, traktor, taxi (med hovudløyve) med fleire: 455 kroner

Tilleggsavgift ved for sein betaling

• Bil og motorsykkel: 250 kroner

• Elbil, veteranbil, moped, traktor, taxi (med hovudløyve) med fleire: 50 kroner

Faktura og frist
Køyretøyeigarar får faktura i postkassen innan utgangen av februar.

Elektronisk varsel vil allereie ligge i nettbanken for dei som har oppretta AvtaleGiro eller har registrert seg for eFaktura.

Betalingsfrist for alle er 20. mars.

Har du spørsmål?
Skatteetaten svarar på spørsmål om årsavgift på telefonnummer 22 07 76 00.

Opningstid er måndag – fredag frå kl.08:00 – kl.15:30. Frå 20. februar til 24. februar og 13. mars til 20. mars har vi ope til kl.18:00.

Bileigar er ansvarleg for betaling
Den som stod som eigar av registrert køyretøy hos Statens vegvesen 1. januar 2017, er ansvarleg for å betale årsavgifta.

Sel du køyretøyet ditt før 20. mars, er du likevel ansvarleg for at årsavgifta for 2017 blir betalt.

Hugs å melde eigarskifte til Statens vegvesen.

Det er datoen melding om eigarskifte vert registrert hos Statens vegvesen som blir rekna som dato for eigarskifte.

Om du ikkje har fått faktura
Viss du ikkje har motteke faktura finn du all nødvendig betalingsinformasjon på skatteetaten.no. Pass på å bruke rett KID-nummer slik at betalinga blir registrert.

Du må betale sjølv om du ikkje mottek faktura. Det er ikkje mogleg å få betalingsutsetting for årsavgifta. Du kan også sjekke på skatteetaten.no om årsavgifta er betalt.

Kven slepp å betale
Leverte du registreringsnummerskilta til Statens vegvesen innan 31. desember 2016, skal du ikkje betale årsavgift for 2017.

Du skal heller ikkje betale viss du vrakar køyretøyet seinast 20. mars hos ein godkjend vrakplass eller bilopphoggar.

Endringar frå 2018
Frå 1. januar 2018 blir årsavgifta erstatta av ei trafikkforsikringsavgift som skal innkrevjast av forsikringsselskapa.

Den nye avgifta vil følgje forsikringsavtalen på køyretøyet.

Sidan ein forsikringsavtale gjeld for eitt år av gangen, vil enkelte allereie i år få faktura med trafikkforsikringsavgift for 2018.

Les meir: skatteetaten.no/arsavgift