Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   No er etterfølgjaren hans klar

No er etterfølgjaren hans klar

Aadne Gloppestad er tilsett som ny redaktør og dagleg leiar i Firda Tidend etter Bjørn Grov. – Det blir ei stor oppgåve å skulle overta ansvaret for bedrifta, seier han.

Etter fleire tiår i redaktørstolen, har Bjørn Grov bestemt seg for å gje seg. Om ein månads tid blir han pensjonist, og då overlet han ansvaret for avisa og drifta av firmaet til Aadne Gloppestad.

15. oktober overtek Aadne Gloppestad (t.v.) stillinga som redaktør og dagleg leiar etter Bjørn Grov i Firda Tidend.

Får nye utfordringar

41-åringen har studert økonomi og administrasjon ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Etter ni år som butikksjef i Coop Prix Sandane, begynte han som journalist i Firda Tidend sommaren 2008.

– Eg har alltid vore glad i å skrive, og hadde lyst til å prøve noko nytt. Å jobbe som journalist verka svært interessant og var noko som eg trudde kunne passe meg. Det føler eg det har gjort også. Eg har trivest veldig godt i jobben. Når redaktøren skal gå av, gjev det meg ein sjanse til å ta eit steg vidare og få nye utfordringar, seier han.

Det ser han fram til.

– No får eg høve til å administrere. Det har eg drive med tidlegare også. Det er ei stor personleg utfordring å ta over ansvaret for ei bedrift. Å prøve det «triggar» litt det også, seier Gloppestad.

– Aktiv bidragsytar

Ei avis er eit viktig lim i samfunnet.

– Korleis tenkjer du at avisa skal utvikle seg vidare?

– Målet er at Firda Tidend framleis skal vere den gode, trygge og nære lokalavisa for Gloppen og Jølster, og at innbyggjarane skal kunne identifisere seg med henne. Vi skal vere ein aktiv bidragsytar i lokalsamfunnet. Det er utfordrande tider i mediebransjen, men vi må gjere det beste ut av det og utvikle oss i takt med tida. Vi må også gjere det vi kan for å trygge arbeidsplassane og avisa sin eksistens, seier han.