Stian Carstensen , Ole Morten Vågen og Ola Kvernberget i Gammalgras hadde første økt på opningskonserten.

No er dei i gang

Den 22 countryfestivalen i Breim vart sparka i gang i går. Den aller første konserten var på Byrkljelotunet der gruppa Longhorn frå Lærdal stilte for fjerde eller femte gong for å glede dei eldre med song og musikk.

Forrykande opning
Sjølve opningskonserten var i Frislidlada på museet der den norske gruppa Gammalgras spelte første avdeling av konserten.
Lokalet var så godt som fullsett då artistansvarleg for festivalen, Nils R. Sandal ønskte velkommen.
-Bluegrass handlar om det som er ekte, og det rører ved noko i oss, sa Sandal før han overlet podiet til Stian Carstensen, Ola Kvernberg og Ole Morten Vågan.
Dei serverte ein forrykande time der det vart spela og gjøgla til publikum s si store begeistring.
Første countryfestival
Multitalentet Stian Carstensen, som har vore på Sandane før,spelte på heile sitt store register og synte på nytt at han har det både i kjeften og fingrane.
Under konserten trakterte han banjo, trekkspel og steelgitar , i tillegg til å prøve seg som vokalist. Han var ikkje heilt vekke på det feltet heller, sjølv om han kansklje har ein liten veg å gå før han er på toppen. Etter konserten kunne Carstensen fortelje at det var hans første countryfestival.
-Men det var eit flott publikum, smilte han.

Longhorn tok Byrkjelotunet med storm
Stian Carstensen og Gammalgras fekk opp stemninga i Frislidlada
- Flott musikk, sa Åsta Bogstad (85) som fekk seg ein klem av Kristen Olav Grøttebø i "Longhorn"