Stein Hauge med årets første jordbær, plukka i tunnel på hauge torsdag føremiddag.

No er dei her!

- Det er kring ei veke seinare enn i fjor, men det er litt min eigen feil. Eg har late tunnelane stå opne heile døgnet på grunn av lufting, seier Stein Hauge.

I fjor plukka han dei første korgene med jordbær 5. juni, i år blei det ti dagar seinare. Men dei som ventar på noko godt, ventar som kjent ikkje forgjeves. Gloppebæra er søte og gode også i år.

Dei tre plasttunnelane på Hauge på nordsida av Gloppefjorden er til saman i underkant av eitt mål store. To av dei var i produksjon også i fjor, den tredje er ny av året.

- Eg har mest Korona, men òg litt Sonata i tunnel, fortel Stein og konstaterer at det ser ut til å bli svært mykje bær i radene:

- Det har vore så mykje blomstring at eg lurer på om plantane greier å bere fram alt.

Sesongen for bær på frimark er venta å starte heilt i slutten av månaden.

Desse blir gode med fløyte eller vaniljesaus på...