No blir kommunen tobakksfri

Eit samrøystes Jølster kommunestyre har vedteke å gjere kommunen tobakksfri. Dette inneber mellom anna at det ikkje er høve til å nytte tobakk i arbeidstida, i og på kommunalt eigde og leigde lokale.

Tobakksbruk er ut. Ikkje minst i Jølster. På kommunestyremøtet nyleg samla dei folkevalde seg om at den kommunale organisasjonen skal vere tobakksfri.

Regelverket som vart vedteke gjer det vanskeleg å vere tobakksbrukar frå 1. september:

* Det skal ikkje nyttast tobakk i arbeidstida.

* Det skal ikkje nyttast tobakk i og på kommunalt eigde og leigde lokale med tilhøyrande
tomteareal.

* Det skal ikkje nyttast tobakk i kommunale bilar og maskiner.

* Det skal ikkje nyttast tobakk i kommunalt arbeidsantrekk.

* Tilsette oppmodast om å verne brukarar og kollegaer mot helseskadeleg tobakk.

* Tilsette oppmodast om å vere gode rollemodellar for barn og unge også når det gjeld bruk av
tobakk.

Regelverket omfattar alle former for snus og røyk.