Home   >   Fylket   >   Jubla for resultatet i Gloppen

Så glad blei 1. kandidat for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, då resultata for Gloppen kom.

Jubla for resultatet i Gloppen

Resultata for Gloppen er klar.

Ikkje heilt uventa var Senterpartiet nok ein gong valets vinnar i Gloppen. Med 1652 av dei opptalde røystene, har dei sikra seg ein oppslutnad på 49,0 prosent.

Arbeidarpartiet er det nest størst partiet i Gloppen med 14,3 prosent. Vidare kjem KrF med 9,5 prosent, Høgre med 9,3 prosent, Venstre 5,7 prosent, FrP 5,4 prosent og SV 4,3 prosent.

Rådmann Jan Kåre Fure seier at det vil kome til kring 100 røyster, førehandsrøyster som kjem med Posten i dag og i morgon, pluss nokre som er haldne av for å blandast med dette. Dette er prosedyren i alle kommunar.