Nesten 1000 unge turnarar deltok på barneturnstemne på Sandane i helga.

Nesten 1000 unge turnarar fylte Trivselshallen

Sandane Turn og Idrettslag var vertskap for nesten 1000 unge turnarar frå heile fylket i helga. Arrangøren hadde den største troppa med rundt 180 turnarar.

Det var eit yrande liv i Trivselshagen denne helga. Både laurdag og søndag var det barneturnstemne med stor deltaking, og heile idrettsanlegget var i bruk.

Framgang
- Vi er den eldste turnkrinsen i landet, og vi har eit veksande medlemstal, seier leiar i Sogn og Fjordane Turnkrins, Susanne Wilhelm.
Barneturnstemnet er ei massemønstring heilt utan konkurranse og premiering der alle får vise seg fram.
Dette er eit kjempeflott anlegg å arrangere barneturnstemne i, seier ho.
For turngruppa i STIL var det eit stort arrangement med rundt 200 frivillige for å syte for alt frå innkvartering, aktivitetar, matservering til sjølve gjennomføringa av turnoppvisningane.


I måndagsavisa kan du lese korleis dei unge turnarane hadde det