- Å stoppe ut rovdyr er ekstra utfordrande, det same gjeld rovfuglar, seier Vidar Djupvik om den første, ville, norske ulven han har stoppa ut.

Naustdalsulven er kommen på føtene att

For snart eitt år sidan var vi på besøk hos utstoppar Vidar Djupvik i Jølster. Då hadde han akkurat fått Naustdalsulven på bordet og oppdraget var klart; få ulven på beina att og få den til å sjå så levande som mogeleg ut.

 Glad for telefon

Ulven vart felt 16. desember i fjor og to dagar seinare hadde utstopparen fått den i hus. No er ulven klar for eit nytt liv som utstillingsobjekt, og hadde vi ikkje visst betre, så kunne vi lett tru den er levande der den står på sokkelen sin og ser seg skrått tilbake.

- Eg vart veldig glad for den telefonen med spørsmål om utstopping, fortel Djupvik som tykkjer jobben med ulven har vore både spesiell og utfordrande. Han har tidlegare stoppa ut verdas eldste pingvin for akvariet i Bergen, noko som han til no har sett på som sitt mest spesielle utstoppingsobjekt.

- Men ulven overgår nok den, ingen tvil, smiler Djupvik og ser på den første ville, norske ulven han har stoppa ut.

Ikkje aggressiv

Ifølgje Vidar Djupvik var det lite diskusjon om korleis ulven skulle prentere seg som utstoppa. Den skulle ha open munn, sjå seg litt tilbake og ha eit litt mildt uttrykk i augo.

- Det var viktig at den ikkje skulle sjå sint og aggressiv ut, det meiner eg å ha fått til, noko også tilbakemeldingane så langt tyder på, seier djupvik som kommande onsdag skal ha ope hus for å syne fram ulven.

Meir om Naustdalsulven i måndagsavisa.



 



 

 

 

 

Vidar Djupvik er godt nøgd med resultatet, eitt år etter at han fekk ulven om hende.