Linde Dybedal er mellom artistane som no får støtte frå Sogn og Fjordane Musikkfond.

Musikkfond realiserer draumar

I 2016 var det rekordmange søknader til Sogn og Fjordane Musikkfond. Åtte artistar er plukka ut og kan kome litt nærare sine draumar.

Sogn og Fjordane Musikkfond (SOMU) har vorte ei viktig tilskotsordning for musikklivet i fylket. SOMU er eit sjangeruavhengig fond med tilskotsordningar for artistar og arrangørar i Sogn og Fjordane. Det har eksistert sidan 2012 og fondet er den første og per no einaste tilskotsordninga for musikk her i fylket. SOMU vert administrert og drifta av Brak.

I 2016 var det ei tildeling frå fondet, med søknadsfrist i oktober. Totalt kom det inn nesten 40 søknader på over ein million kroner.

Juryen består av Sølvi Lien, Håvard Eliassen og Jørgen Stangeland Bach, og hadde 100 000 kroner å dele ut. Desse vart fordelt på sju prosjekt og eit talentstipend.

– Det er gledeleg at det kom inn rekordmange søknader til SOMU i denne runden. Det viser at det er mykje spennande på gang i musikklivet i fylket. Nivået på søkarane var generelt høgt, så juryen har hatt ein vanskeleg jobb med å plukke ut kven som får støtte, seier Sølvi Lien.

Spelemannsnominerte Apneseth på turné
Erlend Apneseth Trio som er dagsaktuell som spelemannsnominert, var den einaste som fikk turnéstøtte. I slutten av mai månad skal trioen på turné til Japan og har fem konsertar på agendaen.

Musikken frå Sogn og Fjordane vert løfta ut internasjonalt og Erlend Apneseth Trio er eit godt eksempel på kor langt ein kan nå som musikar med røter i fjordfylket. For dei er SOMU ein viktig støttespelar.

– Det er rett og slett heile forskjellen på muligheita for å realisere ein idé eller ikkje. Samt muligheita for å utvikle seg og nå større og breiare publikumsmasser. Gjennom eit slikt type fond kan me representere fylket, samtidig som me kan ta med oss det Sogn og Fjordane representerer, ut til andre plassar, seier Øyvind Hegg-Lunde som er ein del av trioen.



Stor satsing på innspeling
Det var mange som søkte om støtte til innspeling i året som gjekk. Av desse vart seks stykkar plukka ut i tildelinga før jul. Dette er musikarar som vi finn innafor mange sjangrar og viser at fylket har ei stor breidde av artistar på høgt nivå. Dei som får støtte er Line Dybedal, Ole Nilssen,
Martine Håland, Elida Høgalmen, Atilla og Steinar Karlsen.

Florø jente med i pilotprosjekt
I 2016 vart SOMU utvida med eit talentprogram. Talentprogrammet skal fremje lovande utøvarar innan det rytmiske feltet gjennom skreddarsydde opplegg for kvar enkelt artist.

Gjennom nye samarbeidspartnarar som EY, OnCue Music Productions AS og Malakoff skal Brak skreddarsy eit opplegg for eit talent i 2017. Juryen har plukka ut Florø jenta Alice Kucevic Hugøy til å bli årets deltakar i talentprogrammet.

Dette er eit pilotprosjekt med kun ein deltakar i 2017. På sikt håpar SOMU å utvide til å kunne ta opp fleire talent årleg til det som skal vere eit springbrett for å satse på musikken i framtida.

FEKK STØTTE: Atilla har fått midlar frå Sogn og Fjordane Musikkfond.
FEKK STØTTE: Martine Håland har fått midlar frå Sogn og Fjordane Musikkfond.