Inge Bent Arnestad får ansvaret for Nordfjord Folkemuseum og dei andre musea i fylket. Arkivfoto

Musea har fått ny direktør

Ein gloppar overtek styringa av musea i fylket.

Styret for Musea i Sogn og Fjordane har tilsett Inge Bent Arnestad som ny direktør då noverande direktør Anne Marie Førde om få månader går ut i pensjon. Han har takka ja til stillinga og tek til den 1.1.16. Anne Marie Førde held fram i organisasjonen som museumsfagleg ansvarleg i ein overlappingsperiode fram til 1.5.16.

Arnestad er 50 år gammal,busett i Gloppen, er gift og har tre vaksne barn. Han har økonomisk utdanning og kan vise til variert yrkesbakgrunn både frå privat og offentleg sektor, inkludert fleire års leiarerfaring. Han har sidan 2010 vore administrasjonssjef i Musea i Sogn og Fjordane og fungerte også som direktør ein periode.