Vassenden skule.

Motsegn frå Fylkesmannen

Lesarinnlegg av Bjørn Støfring:

Fylkesmannen kjem med motsegn mot planframlegget for Vassenden Sør i Jølster kommune. Området omfattar skule, kyrkje, gravplass, samfunnshus, camping, bustader, landbruk m.m.

Motsegna bør ikkje overraske nokon, åtvaringane mot løysingane som er valde har vore både tydelege og høglytte. Maktberande parti i Jølster kommunestyre gjorde det kunststykket først å forkaste eit godt fundert framlegg frå administrasjonen til løysing for skule og fleirbrukshall, for så å kneble planarbeidet ved å vedta at all utbygging skulle gjerast innanfor dei areal kommunen er eigar av. Klårare teikn på at utviklinga på Vassenden skal kneblast kunne ein knapt få. At valde løysingar ogso er fordyrande gjer saka endå meir tragisk; berre flytting av kunstgrasbana frå Øyaflata til Leite (MoJO) kostar 8-10 mill.

Tilgjengeleg areal ved barneskulen er for lite og stettar ikkje kravet til uteareal for elevane, truleg er det verre enn det som fylkesmannen legg til grunn; det er ikkje synt løysingar for parkeringsareal for fleirbrukshall og samfunnshus. Krav til trafikkløysingar som skil mellom bil og mjuke trafikkantar vil og måtte takast av dagens skuleareal.

For ungdomsskulen på Leite (heimyrkjeskulen) er tilhøva om lag dei same. Ogso her påviser fylkesmannen at utearealet ikkje stettar kravet til storleik. Her er og den utfordringa at deler av arealet er djup myr som ikkje berre er umogeleg å nytte til uteaktivitet, den er direkte fårleg å bevege seg på, den må gjerdast inne for å sikre at borna ikkje kjem ut i her.

Ingenting kan gjerast utanom eksisterande eigedom etter kommunestyret sitt vedtak. I høve til gjeldande reguleringsplan vert situasjonen faktisk verre, eit privateigd eldre bygg og tomt er teke ut som skuleareal og ført attende til bustad. Ikkje berre sjølve tomtearealet vert borte, men det bandlegg òg mogeleg utnytting av tilgrensande område.

Kommuneplanen som vart vedteken i 2014 opnar for løysingar som har framtida for seg, kommunestyrevedtaket som ligg til grunn for dagens framlegg til reguleringsplan for Vassenden Sør er ei reversering av utviklinga som eg ikkje trudde var mogeleg.

Diverre har eg minimale håp om at kommunestyret skal innsjå galskapen, aller minst å endre på vedtaka, men det må vere lov å håpe. Dette gjeld trass alt borna på Vassenden skule sin «arbeidsplass» i fleire 10-år framover, og som bestefar ber eg innstendig om at de tek ei ny avgjerd i saka.