Ragnhild Ryssdal og GHK møter Fyllingen 2 på heimebane søndag.

Møter botnlaget på heimebane

GHK-damene i 3. divisjon møter botnlaget Os 2 i Trivselshallen søndag ettermiddag.

Heimelaget står med seks poeng så langt - alle er tekne på heimebane. Os 2 har berre dei to poenga dei tok mot Fyllingen 2 i serieopninga i september.

Mannskapet til Ragnhild Bakketun Vederhus bør sikre seg begge poenga i dette oppgjeret.