Home   >   Nyhende   >   Mistenkt for å køyre rusa

Politiet har gjennomført fleire kontrollar.

Mistenkt for å køyre rusa


Ei kvinne i 40-åra er mistenkt for å køyre i rusa tilstand etter at ho vart stoppa i Lavik onsdag ettermiddag. I bilen, der det sat tre personar, fann dei også mindre mengder narkotika.

Kvinna vert framstilt for blodprøve. Det viste seg at kvinna heller ikkje hadde førarkort. Bileigaren, ein mann i 30-åra, vert meld for å ha overlate køyretøyet sitt til ein sjåfør som ikkje fyller vilkåra for å bruke bilen.

• • •

På E39 ved Svidalsneset mista ein sjåfør sertifikatet i ein kontroll onsdag etter å ha køyrt i 118 km/t gjennom ein fartskontroll i 80-sona. To andre fekk forenkla førelegg for å ha køyrt for fort. I tillegg fekk tre førarar forenkla førelegg for mobilbruk.

I Olden mista også ein bilførar sertifikatet og vart meld etter å køyrt 96 km/t gjennom 60-sona på Fv60. Fire andre fekk forenkla førelegg for å ha brote fartsgrensa. Høgst fart av desse køyrde 75 km/t. I tillegg vart det delt ut eit gebyr for manglande bruk av hjelm.

Ti førarar fekk forenkla førlegg etter å ha køyrt for fort gjennom ein kontroll på Rv15 ved Skredestranda i Eid. Høgst fart vart målt til 98 km/t.

Etter ein kontroll i Sogndal hadde UP delt ut eitt gebyr for manglande bilbelte og fem gebyr for manglande førarkort.

• • •

Snø på fleire fjellovergangar
Strynefjellet: Vegvesenet melder om bart og vått føre, fare for glatte parti. Klokka 05:45 var det 0 grader, frisk bris, delvis skya opphaldsveir.

Filefjell: Stort sett bart og stader med snøslaps. Klokka 05:35 var det 0 grader, svak vind og lett regn.

Hemsedal: Stort sett bart og vått, stadar med snøslaps. Klokken 05:35 var det 1 grad, flau vind og middels regn.

Hol-Aurland: Bart og vått. Klokka 05:30 var det 2 grader, flau vind og regn.

Sognefjellet: Snødekke over ca 1100 meter. Klokka 08:00 var det 0 grader lett bris og snøbyger.