Home   >   Nyhende   >   Til legevakt etter front mot front

Politiet melder om utforkøyringar på morgonkvisten.

Til legevakt etter front mot front

Ei kvinne vart køyrd til legevakt i Sogndal etter ein front mot front-kollisjon på rv 55 ved Kvam i Sogndal torsdag ettermiddag.

Det var to personar i kvar bil og alle vart sjekka av ambulansepersonell på staden. Politiet melder at det er glatt der uhellet skjedde. Det vert oppretta sak, men det er ikkje mistanke om ruskøyring, skriv dei. Bilane vart fjerna frå staden litt over klokka to torsdag ettermiddag.

• • •

Ein person er sendt til lokalsjukehuset med ambulanse etter ein husbrann på Årdalstangen torsdag føremiddag.

• • •

Onsdag:
Ein person vart sendt til Førde sentralsjukehus for røntgen etter at han vart slått i andletet og i magen i Sogndal onsdag kveld. Det skal ha vore tre personar som møtte opp hos den skadde og angreip han. Politiet har hatt kontakt med ein av personane dei meiner er mistenkte for angrepet.

• • •

Traileren låg framleis på Utvikfjellet onsdag føremiddag. (Foto: Aadne Gloppestad)

Utvikfjellet er no open etter at det i går og natt har vore stengt i lange periodar fram til over midnatt i samband med at traileren som seint tysdag kveld velta skal settast på vegen att. Traileren hadde ei last med frosen laks, og grunnen til at det tok så pass lang tid å få bilen på vegen att var at dei også skulle prøve å redde mest mogleg av lasta.

Statens vegvesen melder at dei stenger vegen klokka 11.05, og har ope frå 14.00 til 14.15, frå 16.15 til 16.45, frå 17.45 til 18.00 og frå 21.30 til 21.45. Dei reknar med at trafikken går som normalt seinast frå klokka 01.45 natt til torsdag.

Ein person vart teken med til lokal legevakt då ein trailer velta og blokkerte vegbana over Utvikfjellet i fleire timar rundt midnatt natt til onsdag. Både politi og ambulanse køyrde ut til ulukka, som skjedde i svingane ned mot Karistova på Utviksida av fjellet. I eittida på natta var vegen rydda og open igjen, men vil nok verte stengt ei kort periode medan bilen skal settast på vegen igjen.

• • •

Tysdag:
Tysdag kveld var det delvis stengt over Strynefjellet då ein trailer vart ståande på tvers ved Ospeli. Bilen kom seg etter kvart så pass til side at personbilar kunne passere.

• • •

Måndag
Det vart ikkje meldt om personskader etter at to bilar kolliderte front mot front på fylkesveg 5 ved Fodnes fergekai seint måndag ettermiddag. Både politi og ambulanse kom til staden, og ei periode var der manuell dirigering av trafikken.

• • •

Riksveg 5 ved Selseng i Sogndalsdalen var ei periode heilt stengt i samband med berging av eit vogntog måndag ettermiddag. I perioden før kunne personabilar passerer medan tyngre køyrety måtte vente.

• • •

I ein kontroll Statens vegvesen hadde Kjøs kontrollplass måndag var det tydeleg at vinteren ikkje var like klartgjort for alle som køyrde forbi. Ein sjåfør fekk gebyr for manglande vinterdekk, to for å mangle kjettingar, og ein lastebilsjåfør åleine fekk fire gebyr for for liten mønsterdjupne. I tilleg vart eitt firma meldt for å køyre med fartsskrivar som ikkje var kalibrert etter krava, og ein sjåfør fekk åtvaring for eit mindre brot på køyre- og kviletid.

• • •

Litt før klokka elleve måndag føremiddag er Idrettsvegen i Måløy rydda etter at ein trailer stod på tvers der tidlegare på morgonen. Ein tungberger var rekvirert til staden, skreiv Vest politidistrikt i ei twittermelding.

• • •

Ein person vart framstilt for blodprøve seint søndag kveld mistenkt for å ha køyrt i påvirka tilstand. Mannen (20) vart stoppa i Øyravegen i Naustdal hadde også kjørt uten å ha førerrett for kl B (personbil) skriv politiet på Twitter.