Home   >   Nyhende   >   – Miljøkrav berre aktuelt i verdsarvfjordane

Cruiseskip ved kai i Geiranger. Foto: Kirsten Offerdal/NPK.

– Miljøkrav berre aktuelt i verdsarvfjordane

Nye miljøkrav for cruisetrafikken skal berre gjelde i verdsarvfjordane, i alle fall i første omgang, slo statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet fast under opninga av reiselivskonferansen Grøn fjord i Geiranger torsdag formiddag.

– Eg veit mange meiner at strengare krav er nødvendig, men at krava må gjelde skip langs heile kysten og ikkje berre i verdsarvfjordane. Vi har valt å starte med verdsarvfjordane fordi vi har ei særskild forplikting til å sikre desse. Når dette arbeidet er fullført, kan vi vurdere strengare krav langs heile kysten, sa Hamar i opningsinnlegget sitt på konferansen.

– Berekraft og klima- og miljøomsyn er rett og slett ein premiss for norsk reiselivsnæring. Tiltaka vi set i verk i fjordane, er slik sett heilt i tråd med dette, sa Hamar.

Sjøfartsdirektoratet arbeider no med å kartleggje miljøutsleppa i verdsarvfjordane og foreslå tiltak. Blant tiltaka som direktoratet har til vurdering er krav til lågare utslepp av nitrogenoksid (NOx), lågare svovelinnhald i drivstoff og forbod mot utslepp av kloakk. Dessutan kan det vere aktuelt å innføre fartsgrenser.

Sjøfartsdirektoratet legg fram to rapportar om tiltaka under konferansen. Av dei går det mellom anna fram at NOx-krav i verdsarvfjordane frå 2020 kan føre til at ein tredel av cruisepassasjerane forsvinn frå Geiranger og Flåm på kort sikt. Inntektstapet for Noreg kan samla komme opp i 250 millionar kroner, mens miljøgevinsten er vesentleg mindre.

Ein rapport som DNV GL har laga for Sjøfartsdirektoratet, viser elles at ei fartsgrense på 8 knop åleine kan redusere utsleppa i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden med høvesvis 19 og 10 prosent. (©NPK)