Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   MF Gloppefjord kan snart bli sett inn i trafikk

MF Gloppefjord er komen dit ho skal vere, men er førebels ikkje sett inn i trafikk.

MF Gloppefjord kan snart bli sett inn i trafikk

– MF Gloppefjord vert ikkje sett inn på sambandet denne veka. Nett no vert ferja teknisk klargjort. I neste veke vil vi gjere opp status, seier driftsdirektør i Fjord1, André Høyset.

MF Gloppefjord er komen dit ho skal vere, men er førebels ikkje sett inn i trafikk. Ho ligg ved den nybygde kaia i Anda der ho vert klargjort for drift.

Ny teknologi
MF Gloppefjord og søsterskipet MF Eidsfjord representerer noko nytt for Fjord1. Dei er utstyrte med elmotor og dieselmotor for bruk av biodiesel, men målet til Fjord1 er utsleppsfri fjordkryssing. Bakgrunnen er kontraktsvilkåra med Statens vegvesen med krav om nullutsleppsferjer.

– Når vi fekk nye ferjer tidlegare, var det berre å få dei i drift meir elle mindre. Desse ferjene krev eit landanlegg som skal tilpassast med ladestasjon og fortøyningsautomat. Dette må kontrollerast og verifiserast, seier André Høyset. Dei to hybridferjene er dei første i Fjord1.

I tillegg skal mannskapet opplærast og lære skipet å kjenne. Med eit mannskap som tel fleire titals personar, og som samtidig skal drifte MF Årdal eller MF Sognefjord, tek det litt tid.


Når den tekniske kontrollen og opplæringa av mannskap er gjort, vert MF Sognefjord i bakgrunnen teke ut av sambandet.

– Veldig bra
– Det er mykje som skjer på sambandet no. Dei fleste av desse mannskapa skal over i dei to nye ferjene, seier Høyset.
Når MF Gloppefjord er klargjort, vert ho sett inn som den eine av dei to ferjene på sambandet.

– Då tek vi mest truleg ut MF Sognefjord. Kor tid det skjer, er ikkje bestemt. Vi vil gjere opp status i komande veke, seier André Høyset. Han kjenner seg trygg på at det vil bli veldig bra når dei to nye hybridferjene er i drift. Om det skulle bli problem med batteridrifta, kan dieselmotoren koplast inn.

– Men elmotoren har kapasitet til å gå nokre timar utan lading, seier han.

Uvisst
MF Eidsfjord har lege ved kai i Vigo i Nord-Spania sidan romjula.

– Vi ventar på eit vêrvindauge som er langt nok til at ferja kan kome over Biscayabukta og eventuelt søkje ny hamn om nødvendig lenger nord, seier André Høyset.

I følgje avtalen med Statens vegvesen har Fjord1 framleis romsleg med tid før begge dei nye ferjene må vere i drift i følgje kontrakten. Dei to hybridferjene er 106 meter lange og har begge kapasitet til å ta 120 personbileiningar (PBE) og er sertifiserte for 349 passasjerar.

Bilettekstar:

Når den tekniske kontrollen og opplæringa av mannskap er gjort, vert MF Sognefjord i bakgrunnen teke ut av sambandet.

Driftsdirektør i Fjord1, André Høyset, er overtydd om at det vert veldig bra når dei to hybridferjene er på plass.