Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   MF Gloppefjord klar til å bli sett i drift

MF Gloppefjord klar til å bli sett i drift

Onsdag 24. januar kl. 13.00 blir MF Gloppefjord sett i drift i sambandet Anda-Lote, det første sambandet i verda med krav om nullutslepp, skriv Fjord1 i ei pressemelding. 

– Dette er eit viktig prosjekt for Fjord1, og det er ein milepæl å setje i drift den første av to elektriske Fjord1-ferjer her. Søsterferja MF Eidsfjord blir sett i drift i sambandet så raskt som mogleg etter ankomst til Noreg. Dei tradisjonsrike «Fjord1-svelene» blir å finne om bord som tidlegare. I samarbeid med Minibakeriet på Nordfjordeid sørger Fjord1 for at dei reisande mellom anna får kjøpe dagsferske sveler, smørbrød, kaffi og andre leskedrikkar om bord, heiter det i pressemeldinga.

– I dei nye miljøkontraktane skal vi ha eit framhaldande serveringstilbod for våre reisande. Tilbodet om ferske og smakfulle Fjord1 bakevarer og varm kaffi består på Anda-Lote-ferjene, fortel driftsdirektør i Fjord1, Andrè Høyset.