Home   >   Nyhende   >   Meldingane lovar betre 17. mai-vêr enn i fjor

Det var lågt skydekke og våt asfalt då barnetoget la i veg i fjor.

Meldingane lovar betre 17. mai-vêr enn i fjor

Det er håp om sol på 17. mai. Meteorologane har gradvis justert prognosane til det betre.

Hordaland og Sogn og Fjordane: «Minking til skiftende bris. Litt regn, fra om formiddagen oppholdsvær og perioder med sol. Om kvelden tilskyende». Slik er vêrmeldingane på Yr.no to dagar før nasjonaldagen.

Vått og kjøleg
Manns minne er kort, og når det gjeld vêret, ekstra kort, men i biletarkivet vårt frå fjorårets feiring av 17. mai, ser vi lågt skydekke og våt asfalt. Under barnetoget var det opphald, men på bileta frå markeringa ved Gloppen Omsorgssenter ser vi at folk sit under oppslegne paraplyar. Og temperaturane var heller ikkje det store.

Dette året er det håp om at Sandane skulekorps får spele i solskin. Slik var det i fjor.

Oppjustert
Vêrmeldinga er gradvis blitt justert opp. Det er berre å krysse fingrane for at det slår til. Natt til 17. melder Yr.no litt regn og 13 grader. Når barnetoget gjer seg klart til avmarsj, og til klokka 12, vert det solskin og 11. grader.
Utover ettermiddagen vert det sol, og gradestokken kryp oppover til 16 grader. Frå klokka 18.00 til midnatt skyar det til, men framleis vert det solgløtt, og temperaturen stig ytterlegare til 18 grader tidleg på kvelden.
Dersom det slår til, vert det ein flott nasjonaldag.