Home   >   Nyhende   >   Melde for å ikkje kvile

Også denne gongen gjorde Biltilsynet fleire funn under ein kontroll av tunge køyretøy.

Melde for å ikkje kvile

To sjåførar er melde for brot på køyre- og kviletida etter ein kontroll på Kjøs kontrollstasjon tysdag.

Den eine sjåføren hadde i periodar teke kortet ut av fartsskrivaren for å lage seg pauser i køyringa, melder vegvesenet på Twitter. Den andre hadde for korte vekekvil-periodar.

I tillegg fekk ein tredje sjåfør åtvaring for brot på same reglane.

To sjåførar måtte rydde frontrute og siktsone elles før dei fekk køyre vidare. Om dei ikkje gjorde hadde dei bruksforbod.

• • •

Ein førar miste førarkortet etter at han heldt 96 km/t gjennom 60-sona på Fv60 gjennom Olden tysdag. Fire førarar fekk forenkla førelegg for fart i same kontrollen. Den som køyrde fortast av desse heldt 75 km/t.

• • •

Og det er ikkje berre bilar som kolliderer med hjort. Like før midnatt tysdag kveld kolliderte ein person på lett motorsykkel med ein hjort på fylkesveg 512 i Naustdal. Føraren vart køyrd med ambulanse til legevakta for nærare undersøking, men hjorten melder Førde-AMK ikkje noko om.