Home   >   Nyhende   >   Meld for brot på køyre- og kviletid

Meld for brot på køyre- og kviletid

Ein sjåfør vart meld for brot på køyre- og kviletida under ein kontroll Statens vegvesen hadde på Kjøs kontrollstasjon onsdag ettermiddag og kveld. Sjåføren kunne ikkje vise fram diagramskrivar for køyre- og kviletid.

Ein annan sjåfør kom unna med ei åtvaring for brot på køyre- og kviletid.

Ein sjåfør fekk gebyr for å mangle kjettingar og dokumentasjon for yrkessjåførkompetanse.

Manglande papir var også grunnen til at ein sjåfør måtte parkere bilen til han kunne vise fram løyve til å drive godstransport.

Ein sjåfør fekk skriftleg mangellapp for tekniske feil på køyretyet.