Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Meir kraft frå Myklebustdalen

Lyspæra som ordførar Leidulf Gloppestad tende som symbol på at kraftverket er opna, brukar rein energi frå Myklebustdalen, energi som held til 500 husstandar sitt årsforbruk.

Meir kraft frå Myklebustdalen

– De skulle kanskje satsa på vindkraft, sa ordførar Leidulf Gloppestad då han fredag opna Daleelva kraftverk i Myklebustdalen.

Grunnen til denne utsegna var den friske austavinden som feia gjennom dalen og som fekk både eit kaffikrus og eit kakestykke til å oppheve tyngdelova.

Viktig for Gloppen

Ordføraren kom rett frå konferansen «Kraft i vest» på Sandane og hadde ferske opplysningar om at Gloppen no er den tredje største kommunen i landet på småkraft.

– Småkraft er viktig på mange måtar og er ein vesentleg grunn til framleis drift på mange gardsbruk. Medrekna det som er under planlegging og konsesjonshandsaming er vi no oppe i ein småkraftproduksjon på 350 Gwh, sa ordføraren som såg at inntektene av småkraftsatsinga også kjem kommunen til gode.

– Dei er medverkande til at vi kan halde oppe gode tenester, sa Gloppestad.

Lang prosess

Styreleiar i kraftverket, Per Jarle Myklebust, fortalde om ein lang veg frå dei første tankane om kraftverk kom opp rett etter tusenårsskiftet, og til det heile sto klart til bruk i vår. Både lang sakshandsamingstid i NVE og mangel på linekapasitet forseinka prosjektet som hadde byggestart våren 2016, med Byrkjelo Maskin AS på gravearbeid, HBV betong på betongarbeidet og Br. Dahl som leverandør av røyr og røyrdeler.

– Alle har gjort ein god jobb og vi held budsjettet, sa styreleiaren som spanderte kaffi og kake på eigarar, entreprenørar, bank og ordførar.

Les meir i papirutgåva tysdag.