Meiningsmåling

For ei tid sidan la vi ut ei meiningsmåling på nettsida der vi spurde om det er rett av regjeringa å tillate mineralutvinning i Engebøfjellet i Naustdal og massedeponi i Førdefjorden.

Eit stort fleirtal av dei som har svara har stemt ja på spørsmålet. Det har kome 1916 svar i alt, og av dei er 63%, 1 206 ja-stemmer, 34%, 659 nei-stemmer medan 3%, 51 stemmer ikkje har noka meining om spørsmålet.

Denne veka legg vi ut ei ny meiningsmåling og spør lesarane våre rett og slett om Gloppen bør bli med i den store Firda-kommunen saman med ein stor del av sunnfjordkommunane.